Kulturnett Hordaland - Prosjektplan 1998-2000

Godkjent av Fylkesrådmannen juni 1998

1. Grunnlag

Prosjektgruppa for Kulturnett Hordaland har som del av mandatet, datert 10.2.1998, fått i oppdrag å utarbeida framlegg til prosjektplan og budsjett for prosjektet i samsvar med dei premissane som følgjer av fylkesutvalet sitt vedtak og saksdokumentet (FUV-sak 22/98). Kopi av mandat og saksdokument er vedlagt.

Medlemer av prosjektgruppa er: Egil Nysæter (leiar), Gerd Bolstad, Jørn Oftedal, Tove Pemmer Sætre og Tor Titlestad.

2. Styring av prosjektet

Direktøren for regional utvikling har oppnemnt ei prosjektgruppe (i mandatet kalla styringsgruppe) for "Kulturnett Hordaland" med 4 medlemer frå avdelinga og 1 medlem frå Kulturlandskapssenteret. Prosjektgruppa har eit tredelt mandat: a) utarbeida prosjektplan og budsjett; b) styra og følgja opp prosjektet i samsvar med prosjektplanen når planen er godkjent av fylkesrådmannen; c) vera redaksjon for Kulturnett Hordaland.

I samsvar med vedtak i fylkesutvalet skal Komiteen for kultur og helse oppnemna ei styringsgruppe for prosjektet "der leiinga vert knytta til bibliotekplanarbeidet som alt er i gang".

Leiaren for prosjektgruppa har det daglege personalansvaret for prosjektpersonalet. Sidan prosjektet i 1998 i hovudsak vert finansiert ved midlar øyremerkt til IT-prosjekt ved fylkesbiblioteket, tilviser plansjefen rekningar etter attestering av fylkesbiblioteksjefen. Fylkesbiblioteket fører eige prosjektrekneskap.

3. Målsetjingar

Kulturnett Hordaland er i denne prosjektplanen å forstå som både:

a) summen av dei kulturtilbod på internett som ut frå fylkets kulturpolitiske målsetjingar (jf Fylkesdelplanen for kultur 1996-2003) vert lenka saman elektronisk ved ein felles søkjeinngang og med peikarar til dei ulike kulturtilboda, og

b) den prosjektorganisasjonen som skal fremja arbeidet med å gjera slike kulturtilbod tilgjengeleg via internett.

Kulturnett Hordaland skal:

  1. vera ein felles infallsport til kulturtilbod og informasjon om Hordaland som vert lagt til rette via internett
  2. vurdera utvikling av felles internett-tenester for kulturlivet i fylket i regi av Kulturnett Hordaland

c) stimulera til utvikling av nye tenester i regi av eksterne aktørar

4. Aktivitetar

  1. Planleggja og etablera Kulturnett Hordaland som ei samla oversikt over tilgjengelege internettressursar for og om kulturlivet i fylket
  2. Driva planlegging for utvikling av kulturnettet
  3. Halda god kontakt, t.d. ved å arrangera idedugnader, med aktuelle samarbeidspartnarar i og utanfor fylkeskommunen
  4. Stimulera forvaltning, institusjonar og frivillige organisasjonar til å bruka nettet til aktiv formidling av informasjon og kulturtilbod

I prosjektarbeidet vil ein dra nytte av røynslene frå arbeidet med Kulturnett Noreg og dei regionale kulturnetta slik som i Sogn og Fjordane og Troms. I startfasen vert det viktigast å skaffa fram ei mest mogleg fullstendig oversikt over kva ressursar som alt er tilgjengelege på internett og kva tilbod som held høg nok kvalitet til å vera ein del av Kulturnett Hordaland. Det bør vera direkte peikarar til dei nasjonale internettressursane som også omfattar Hordaland. Slik sett vil det vera naturleg med ei viss overlapping i høve til dei nasjonale netta. Det vil også vera viktig å finna fram til tiltaks- og innhaldsformer som kan gjeva Kulturnett Hordaland eit særpreg i høve til dei andre regionale kulturnetta.

Hovuddelen av arbeidet i kulturnettet vil verta utført av dei institusjonar, organisasjonar o.l. som tilbyr kulturtenester. Desse har også primæransvaret for kvaliteten på sine tenester og ansvaret for at lover og reglar som gjeld ytringsfridom, opphavsrett, eigedomsrett m.m. vert eterlevde. Samarbeidet mellom kulturnettredaksjonen og ulike leverandørar av tenester bør regulerast ved ein enkel samarbeidsavtale.

Prosjektet skal først og fremst ha ein samordnande og stimulerande funksjon. Utbyggjing av kulturnettet må gå inn som ein del av det daglege arbeidet hos dei som har materiale som bør vera ein del av nettet. Det vil vera naturleg at kulturnettet produserer og held vedlike informasjon som er felles for kultursektoren. Hovuddelen av arbeidet vil likevel vera å etablera eit fagleg nettverk som kan utløysa initiativ og samarbeid som kan gjera kvalitativ god kulturinformasjon om og for fylket betre tilgjengeleg.

5. Framdriftsplan

Startfase 1998 februar-mai Utarbeiding og godkjenning av prosjektplan
mai-juli
Engasjement av prosjektleiar og prosjektsekretær
juni Idedugnad/etablering av prøveversjon, teknisk oppsett, utforming
september

Opning av grunnversjon
august-des. Redaksjonsarbeid
Utviklingsarbeid særleg innan sektorane arkiv, bibliotek
musè, kunst
Utarbeiding av tiltaksplan
Utbyggingsfase 1999-2000 Vidare planlegging og utbygging, tilskotsvurdering
Evaluering av prosjektarbeid
Vurdering av eventuell permanent drift
Event.permanent
drift

2001-


Framdrifta i 1998 er avhengig av når prosjektplanen vert godkjent, og når personale kan ta til i stillingane. Det er ønskjeleg raskt å få etablert ein intern prøveversjon. Prosjektet er avgrensa til 1998-2000. Ein viktig del av arbeidet i 2000 vert å vurdera om og eventuelt i kva form kulturnettet bør vidareførast. Framdrift og omfang må elles tilpassast årlege budsjettløyvingar.

6. Personalressursar

Det trengst ein prosjektleiar som både kan ha det daglege ansvaret for gjennomføring av prosjektet, og for vidare planlegging. Det bør engasjerast ein person med høgare utdanning innan humanistiske fag og med kompetanse innan informasjons- og datafag.

I startfasen er det behov for deltidsengasjement av ein prosjektsekretær med teknisk datafagleg bakgrunn til å ta seg av dei meir praktiske sidene ved etablering av servar og design og struktur for nettsidene.

7. Budsjett

Inntekter 1998 1999 2000
IT-prosjekt fylkesbiblioteket 500
Kulturnett Hordaland   500   500
Samhandlingsprogrammet -
fylkesplanen, prosjekt 4.25
100   250   200
Eksterne prosjektmidlar   300   300
600 1.050 1.000
Utgifter
Løn   330   450   450
Utstyr, drift m.m.   220   150   100
Tilskot til eksterne prosjekt    50   450   450
600 1.050 1.000


Hovuddelen av prosjektet er tenkt finansiert av fylkeskommunen. I tillegg vil det vera mogleg å søkja om prosjektmidlar frå t.d. Kulturnett Noreg. Kulturdepartementet er i ferd med å fastsetja prinsipp for prosjektstøtte. Sannsynlegvis vil det ikkje verta utlyst slike midlar i 1998.

Lønsutgiftene i 1998 er basert på heil prosjektleiar og halv prosjektsekretær frå 1.5.

For 1999 er rekna med heil prosjektleiar og ein kvart prosjektsekretær (eventuelt kjøpte tenester). I tillegg er det aktuelt med konsulenttenester etter behov.

Utstyr, drift m.m. omfattar 165.000 til datautstyr (sjå vedlagde "Forslag til utstyr for Kulturnett Hordaland"), skyss- og kostgodtgjersle, kjøpte tenester (kurs), seminar og ymse andre utgifter. Det er ikkje med utgifter til kontorplass.

Det er sett av midlar til eksterne prosjekt som kan vera med og utvikla nettet. Her er tenkt både på prosjekt innan dei fire nasjonalt prioriterte sektorane arkiv, bibliotek, musé og skapande og utøvande kunstformer. Dessutan tiltak i regi av lokale nett som t.d. Kulturnett Hardanger/Voss.

 
Kulturnett Norge

E-post: kulturnett@post.hfk.no - Produsert av Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen