Kulturnett Hordaland er:
- ein felles innfallsport til kulturtilbod og informasjon om Hordaland på internett
- ein prosjektorganisasjon som skal fremje arbeidet med å utvikle nye tenester på nettet
- ein del av Kulturnett Norge
Nytt Kulturnett Hordaland - 23. sept. 2005: Opning
Kulturnett Hordaland skal:
- vurdere utvikling i eigen regi av felles internett-tenester for kulturlivet i fylket
- stimulere til utvikling av nye tenester i regi av andre tilbydarar av internett-tenester
- ta utgangspunkt i verdiar og haldningar som Fylkesdelplanen for kultur skisserer opp, når det gjeld
Kriterium for stoff som blir formidla gjennom kulturnettet
Kulturnett Hordaland byggjer m.a. på følgjande sentrale utgreiingar:
- Skape - bevare - formidle. Grunnlagsmateriale for en IT-plan for kultursektoren (Kulturdepartementet 1996)
- Handlingsplan for IT på kulturområdet 19989 - 2001 (kulturdepartementet 1997)
- Prosjektplan 1998 - 2000 for Kulturnett Hordaland
Frå 1. jan. 2001 gjekk Kulturnett Hordaland over frå å vere eit prosjekt til ei fast teneste ved Hordaland fylkeskommune. Men inntil utgangen av 2003 hadde ein framleis ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe/ressursgruppe.
Styringsgruppe:
Fylkesutvalet oppnemnde 12.05.1998 desse fylkestingspolitikarane som medlemer:
- Jørgen Øydvin (P) - leiar. Adr.: Søre Titlestad, 5243 Fana
- Joril Christensen (A) - Adr.: Sygnagt. 9, 5055 Bergen - tlf.privat: 55 29 88 49
- Svein Lunde (KrF) - Adr.: Valbergvd. 23, 5419 Fitjar - tlf.arb.: 53 45 89 00
- Berit W. Eldøy (H) - Adr.: Høylandsvn. 3, 5412 Stord - tlf.arb.: 53 41 99 79
tlf.privat: 53 41 28 60 - mobil: 93 20 21 33, fax: 53 41 36 44
- Tore Atle Humlevik (H) - Adr.: 5690 Lundegrend, Tysnes - tlf.privat: 53 43 31 29 - mobil: 90 19 64 29
Samansetting, funksjonstid og mandat:
1. Funksjonstida til styringsgruppa skal følgje valperioden for fylkestinget
2. Det skal haldast 3-4 møte kvart år. Dette kan skje i samband med prosjektgruppa sine møte, eller separat
(Statusrapportar, event. forandringar i vegval, opplegg for marknadsføring og prosjektsøknader bl.a., er aktuelle emne for desse møta).
3. Styringsgruppa skal fordele prosjektmidlar til internettprosjekt i Hordaland, både eksterne midlar (f.eks. frå Kulturnett Norge) og interne (f.eks. frå fylkeskommunen sitt samhandlingsprogram).
4. Styringsgruppa skal følgje opp sakene frå KH i den vidare handsaminga.
5. Styringsgruppa kan komme med forslag om vidareutvikling av KH, og tiltak for marknadsføring.
Prosjektgruppe (frå 2001 kalla ressursgruppe)
Oppnemnt av avdelingsdirektør Jan Per Styve 10.2.1998.
Gruppa hadde - pr. 2002 - følgjande medlemer:
Egil Nysæter - Kulturseksjonen/fylkesarkivet - leiar
Lena Jensen - Fylkesbiblioteket
Signe Nygaard - Kulturseksjonen
Åse Tveitnes - Kulturlandskapssenteret
Jostein Stalheim - Fylkeskonsertane
Mandat for prosjektgruppa:
1. Utarbeide framlegg til prosjektplan og budsjett for prosjektet i samsvar med dei premissane som følgjer av fylkesutvalet sitt vedtak og saksdokumentet til dette. Prosjektplanen skal også vise framdrift, milepelar, aktivitetar og personalressursar i prosjektet.
Det er ønskjeleg at
framlegg til prosjektplan ligg føre innan 1.mars 1998.
2. Styre og følgje opp prosjektet i samsvar med prosjektplanen.
3. Vere redaksjon for Kulturnett Hordaland.
Sektorgrupper:
Det vart sett ned arbeidsgrupper for dei ulike sektornetta.
Nettredaktør: Synnøve Gjermundnes - Produsert av Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen